Ikkje logisk hjerne
Både homeopatien som fag, og eg som terapeut, har utvikla meg mykje dei siste åra. Fagleg brukar me ein mykje betre struktur når me vel ut medisin. Som ein del av denne utviklinga hentar eg meir informasjon frå den ikkje logiske hjernen. I staden for å gå inn i pasinetane sine historiar som ein gjer i vanleg terapi, går eg inn i "sensations". Pasientar kan skildra ein klump eller somarfuglar i magen, knivsmerter, tyngdekjensle, klaustrofobisk kjensle o.l. Sensations er tilknytta den ikkje logiske hjernen. Me har ikkje ein klump i magen, og desse kjenslene er ikkje logiske. Den ikkje logiske hjernen snakkar i bilete, symbol og sensations. Den snakkar eit språk den logiske hjernen ikkje forstår, og eg lærer dette språket. For meg har den ikkje logiske hjernen ein høgare funksjon enn den logiske hjernen, og informasjonen eg kan henta frå den gjer meg meir i stand til å forstå og å hjelpa pasientane. Med å gå inn i denne klumpen saman med pasienten, er det som dei gjev meg tilgang til deira indre natur og den energien som styrer deira val i livet, og som oftast er knytta til det undermedvitsame. Det er speiselt den indiske homeopaten Rajan Sankaran som har utvikla denne måten å få tilgang til mennesket sin indre natur. Ofte vil pasienten i denne prosessen sjølv skildra det homeopatiske midlet dei treng. Ein som treng eit animalsk middel vil beskrive tema som er tilknytt dyret og det habitatet den lever i. Ein som treng snegle vil for eksempel kunne skildre at det er som han gjøymer seg inni eit rom med harde veggar, og at han då er på ein trygg stad. Pasienten vil vera medvitsam og tilgjengelig heile tida. Det er ikkje ein hypnose.
Når eg hentar inn informasjon frå ikkje logisk hjerne, strukturerer eg informasjonen på ulikt vis. Eg strukturerar først ut i frå ei skalering mellom feminint og maskulint. Det feminine vil søke mot omsorg , empati og trygghet, og det maskuline vil søke mot makt og sjølvhevding.
Superklassar
Me deler inn i 6 grupper som me kallar superklassar. Inndelinga kallast skjell, snegle, fugl, hund hest eller løve. Inndelinga tek utgangspunkt i kva som stresser kvar enkel, og korleis ein håndterer dette.
Skjell Gruppe 1
Skjellet vil lukka seg inne i si eiga verd. Skjellet lever som eit ufødt barn i mors mage og er nøgd med varmen, maten og omsorgen fra mor, og har i liten grad eit ønske om å delta i samfunnet. Dei vil typisk ha ein sterk senstivitet til livet utanfrå. Dette er typisk mennesker med sosial angst og ungdom som blir buande på gutte/jente rommet. Dei har vanskar med å finne sin plass i samfunnet.
Sneglen Gruppe 2
Sneglen lengter etter å koma meir ut, og vil koma ut når han er trygg, og trekka seg tilbake i sitt trygge hus når han er trua. Både sneglen og skjellet er nøgde med lite stimuli i livet, og lever i si lille trygge verd. Sneglen er som eit barn mot slutten av graviditeten. Mors mage er trygg og god, men barnet ønsker meir plass og meir stimuli. Det vil koma ut. Sneglen kan også verta buande på jente/gutterommet, men i motsetnad til skjellet, ønsker sneglen å koma ut når dei kjenner seg trygge nok. Sneglen vil lengta ut når den er inne i sneglehuset, og ønska seg inn igjen når den er ute.
Fugl Gruppe 3
Fuglen har større frihet, og ønsker å reise og oppleve verda. Den er fri til å fly, men vil allikevel kjenne seg avhengig av ein situasjon eller eit anna menneske som «set dei i bur», slik som ein falk som er trena av menneske for jakt. Fuglen er som et nyfødt barn. Den er ute av mors mage, og kjempar mot mor for å skapa sitt eige "jeg". Då dette "jeget" er uforma og nyklekt, vil fuglen kjenne eit sterkt behov for å byggja sitt eige "jeg" . For å klare dette vil fuglen ofte opponere mot foreldra, og særleg mot mor. Det svake jeget medfører at fuglen ofte søker tilhøyre i grupper, ofte grupper av religiøs eller idelasitisk art. Fuglen kan vera sterk spirituell søkande. Fuglen trekk seg unna i stressa situasjonar, og vil prøve å unngå ubehag.
Hund Gruppe 4
For hunden er stabilitet veldig viktig, og alt som truer stabiliteten i livet deira kan medføre stor grad av stress og lidning. Hunden jobber hardt for å oppnå tryggleik i livet, slik som materiell tryggleik, stabile relasjonar og er engasjerte i fredsarbeid. Dei er som lydige hundar som adlyder ein sterk leiar.. Dei er lojale og hardarbeidande tilsette, og tilpassar seg reglar og lovar i samfunnet. Hunden står i skjæringspunktet mellom det feminine og det maskulineDet medfører at mange i hundegruppa har utfordringar med det hormonelle systemet.
Hest Gruppe 5
For hesten handler livet om å ikkje bli fanga i noko stabilt og trygt. Dei vil oppleve mest mogleg i livet, og har det ofte travelt i å koma seg vidare og å utfordre seg i ny kunnskap og nye erfaringar. Livet skjer utanfor komfortsona, med ei kraft som ein hest på steroider. Hestane vil verta veldig stressa av å verta fanga i noko stabilt, noko som kan halda dei fast. Dei har ei enorm kraft som dei brukar i skapande prosesssar. Dei er innovatører og nyskaparar. Hesten er dominert av den maskuline krafta, og vil har stor grad av sjølvhevding.
Løva Gruppe 6
For løva handler livet om å overleva. Dei tek mykje ansvar i familie eller i samfunnet, og må kjempe for å holde sin posisjon. Det er løva mot flokken. Dei snakkar ofte i eit kampspråk, og opplever også vold og kamp som ein naudsynt del av livet. Putin er ei løve.
Dyr, plante eller mineral/ metall.
Kvar av desse 6 inndelingane vert deretter strukturert ut i frå om dei treng eit plante-, mineralsk- eler animalsk middel. Pasientar som treng plantemiddel, vil uttrykke ein sterk sensitivitet, og følgjande framleggja korleis deira eigne raksjonar er mot det dei er sensitive for. Dei fortel gjerne om ei hending i livet dei ikkje har kome over, og som også kan vera tilknytta utvikling av sjukdom og plager. Det finnes mange ulike planter i verda. Dei seinare åra har plantemidlene blitt strukturert, særleg av den israelske botanikeren og homeopaten Michal Yakir. Kvar plantefamilie har sine eigenskapar og tema, og innan kvar familie vil det vera nyanseforskjellar i dei ulike plantene som er representert.
Mineral vil vektleggja struktur i livet sitt, og vil særleg skildra manglar av eigenskapar/ struktur i seg sjølv og i eige liv som det som stresser dei mest. Ein pasient som treng eit mineralsk middel, vil uttrykka at det er manglar i han/henne eller i hans liv som er årsak til stressreaksjonane dei opplever. Ein brukar midler frå heile det periodiske system i homeopatien. Dette har blitt strukturalisert, og kvar rekke og rad vil representere ulike eigenskapar ved menneske som treng desse midla. Det er særleg den nederlanske legen og homeopaten Jan Scholten som har strukturert forståelsen av det periodiske system. Han har også bidrege i struktureringa av plantene.
Pasientar som treng dyremidler, vil skildra situasjonar der dei sjølve er offer eller aggressorar. Dei vil også ofte ha sterkt konkurranseinnstinkt, og at dei vert dominert eller dominerer andre. Strukturering av dyremidler er under utvikling, og det vil koma mykje ny kunnskap om dette i nær framtid. Den indiske psykiateren og homeopaten Mahesh Gandi er særleg pådrivar for struktureringa på dyremidler.
Miasmar
Når ein har inndelt etter ein av desse 6 typologiane, og deretter ut i frå plante, mineral og dyr, har ein allereie snevra inn aktuelle homeopatiske midler som kan vera det rette for kvar einskild person. Me deler ytterligare inn i det me i homeopatien kallar miasmar. Miasmer handlar i hovedsak om kor akutt eller kronisk ein tilstand er. Det er 9 ulike miasmar. Nokre lidningar er kroniske, andre er kroniske men har akutte oppbluss slik som for eksempel migrene. Nokre lidningar er destruktive og vil truge moglegheiten for å kunne verta heilt friske igjen. Forståinga om miasmar er eit veldig stort tema, og omhandlar også genetiske tilstandar.
Indre alder
I utviklingspsykologien har Erik Erikson utvikla ei forståing av den indre alderen eit menneske lever ut frå. Ein kan vera vaksen, og allikevel stå fast i anal eller oralfasen. Me brukar også Erikson si inndeling i struktureringa og utvelginga av aktuelle midlar.
Repertorisering
Det siste inndelinga me føretek, er at med vektlegg dei ulike symtoma ein pasient har, og repertoriserer desse. Å repertorisera betyr å legge symptoma inn i eit dataprogram som gjev oss oversikt over om kva midler som dekker dei ulike symptoma pasienten har. Repertoriet er organisert ut i frå kva symptom som har kome fram i proovinger, og også forgiftninger av ulike stoff. I ein prooving vil ei gruppe menneske innta eit homeopatisk, og for dei ukjent middel, over tid. Samtlige forsøkspersonar vil utvikle symptom som er felles for midlet, men symptoma vil forsvinna når forsøkspersonane sluttar å innta det homeopatiske midlet. I prooving av løk, utvikla forsøkspersonane sviande tårer og rennande snue, slik ein også får dersom ein skrellar løk. Dette på tross av at forsøkspersonane vert gitt midler som er fortynna meir enn Avogadros tall. Det betyr at det ikke er løk att i det som vert gitt forsøkspersonane, fordi det er så uttynna. Eit homeopatisk middel er både fortynna og rista (potensert) og vil ikkje ha nokon effekt utan at det også vert potensert. Potenseringa foregår etter gitte kriteriar. Dess meir fortynna og potensert, dess sterkare effekt har det. I proovingar av giftige stoff som kvikksølv eller arsenikk, vil forsøkspersonane utvikla symtom som om dei er forgifta av desse stoffa, men symptoma er ikkje farlege (bare ubehagelige), og vil gå heilt attende når dei sluttar å innta stoffet. Ekte forgiftningssymptom er samanfallande med proovingsymptoma. Desse proovingane har blitt gjort både på menneske, dyr, planter og på cellekulturar, og symptoma er samanfallande og repliserbare. Det er symptom fråd desse proovingane som vert samla i eit repertorie.
For å få tak i symptoma til kvar enkel pasient er det ulike tilnermingar ein legg til grunn. Ved ein enkel øyrebetennelse, kartlegg eg berre symptoma lokalt, og ingenting anna. Dersom ein pasient kjem med meir kroniske og samansette symptom, ønsker eg å forstå pasienten sin indre natur. Det er veldig mykje psykologi i homeopatien, men me har meir «skreddersøm» i korleis me forstår og behandlar kvar enkel enn det psykologane har. 10 pasientar som lir av angst kan få 10 ulike homepatiske medisin som er tilpassa deira særegne symptombilete. Me gjev alltid bare ein homeopatisk medisin om gongen. Homeopatar er spesielt trena til å sjå samanhengar mellom psyke og somatiske plager.
Mi erfaring med å jobbe med den indre naturen til ein pasient er veldig nyttig og spanande. Det gjev meg og pasienten tilgang til ein djup og indre natur det ville vore vanskelig å nå inn til med vanlege samtalar. Det gjev meg også eit mykje større grunnlag til å kunne hjelpe pasienten. Eg opplever at det er ein skånsom metode, og er aktuelt for alle. Den er særleg aktuell for mennesker som bærer traumer i livet,har kroniske plager eller autoimmune sjukdomar. Traumatiserte mennesker har ingen effekt av samtaleterapiar. Det kan motsatt trigge dei og gje dei ein dårlegare fungering. Terapien for ein traumatisert er å lære metodar for å regulera traumene sine, og dette må vera på plass før ein går inn i samtalar om traumene. Ved å heller hjelpe dei i kontakt med sin indre natur, kan dei få tilgang til djupare sider i seg sjølv som kan vera veldig tilhelande og gjera dei meir medvitsame om sine eigen underbevisstheit.