Homeopat MNHL og Familieterapeut

Jæren Naturmedisin

Kva er homeopati?

All altrnativ behandling prøver å styrke kroppen sin evne til å tilhela seg sjølv, slik også med homeopati. Medisinene me bruker har ikkje biverknader og kan brukast fritt til alle, også gravide og nyfødte.

Medisinen vert individulet tilpassa. Dvs at 10 personar som har same type sjukdom kan få 10 forskjellige typar homeopatisk medisin alt etter symptombilete til kvar enkel. Ein brukar bare ein homeopatisk medisin om gongen. 10 personar med for eksempel migrene vil ha visse fellestrekk i symptombileta, mens andre symptom kan vera heilt forskjellige. 

Homeopatisk behandling er basert på heilheit. Eg ser på alle symptom fysisk og psykisk. Fysisk vil eg kartleggja alle noverande symtom og også tidlegare plager ein har hatt. Psykisk er det vikitg å gå inn på belastningar ein har hatt og måten ein har takla det på, særtrekk ein har som menneske, sider ved seg som ein har mått jobbe med,  vanar og uvanar, konfliktar, sorger o.l. Fysiske symptom kan vera utløyst av eit psykisk press og då er det viktig å sjå alt dette i ein samanheng. Ein homeopat er trena til å forstå samanhengar mellom symptoma.

Ved meir akutte plager vil ein kun kartleggja dei akutte symptoma og foreskrive ein homeopatisk medisin ut i frå det. Då vurderer me ikkje ut i frå heilheit på same vis som ved kroniske plager.

Ved å behandle eksem med hydrocortison- salvar kan ein verta symptomfri. I homeopatien tenkjer  ein at ein då vil undertrykkja eksemet. Sjølv om eksemet er vekke frå overflata har ein ikkje styrka det bakenforliggjande som har utløyst eksemen. Me tenkjer at eit symtom er kroppen sin måte å oppretthalde ei likevekt på, eit utløp kroppen treng for å balansera ein ubalanse. Ved å stenge dette utløpet vil kroppen leita etter eit anna utløp, akkurat som ei elv om ein prøver å stengja elveløpet. Eksemen kan i neste omgang då uttrykkje seg i form av allergi. Allergien vert igjen behandla med allergimedisin som igjen undertrykkjer symptoma. Allergien kan då forverra seg og utvikla seg til ein astma. Det som har byrja på huden, i det ytre, har gått vidare til slimhinner og lunger som er meir alvorleg. 

I homeopatien prøver me i staden å styrke immunforsvaret slik at kroppen kan skyve symptoma ut og vekk. Med å behandle ein astma som har utvikla seg på ein slik måte vil me i homeopatien sjå at me skreller av symptoma lag for lag. Pasienten vil etter som astmaen og allergien betrer seg igjen få eit snev igjen av eksemen ein periode på veg mot tilheling.

Førstegongskonsultasjon varer 11/2 - 2 timar hjå større barn og vaksne, mindre tid for spedbarn.

Vidare konsultasjonar tek frå 30 min. til 45 min.

Norske Homeopaters Landsforbund

Homeopati er ein ubeskytta tittel og kven som helst kan kalle seg homeopat. For å kunne vera medlem i NHL kreves det grunnleggjande utdanning i medisinske fag og minst 4 år utdanning i homeopati. I Norge er det 2 skular som kvalifiserer for eit slikt medlemsskap: Norsk Akademi for naturmedisin og Skandinavisk institutt for klassisk homeopati. I sverige er også Arcanum godkjent for medlemsskap i NHL. Eg har sturdert ved Norsk Akademi for Naturmedisin som er ei 5 årig utdanning.

Nyeste kommentarer

18.10 | 16:40

Merkbar god lesning!!!! Takk som deler! =)

22.09 | 17:23

Godt å lese og kjenne at dette er jeg hjemme i, det har vært med meg igjenno...

22.09 | 00:35

Veldig bra skrevet, Jens! Jeg er glad for at jeg har vært og er elev av deg. Hå...

22.03 | 15:08

:)) Takk for at du finnes. Dyktige læremester jeg er stolt av å ha vært d...