Homeopat MNHL og Familieterapeut

Jæren Naturmedisin

Infertilitet

Infertilitet er i dagens samfunn eit aukande problem. Det er mange faktorar som kan virke inn på dette. Kosthold, stress, krav, karriere, overvekt, hormonbruk er nokre av faktorane.

Frøyaklinikken i Oslo er ein klinikk som har spesialisert seg på infertilitet og eg har vore på 2 kurs med Anette Heggemsnes som starta Frøyaklinikken.

  Infertilitet hjå kvinna:

Forstyrringar med eggløysning ( som f. Eks. PCO/ PCOS og anovulatorisk syndrom),endometriose og habituell abort er dei vanlegaste årsakane til barnløyse. Andre årsakar kan vera gjentekne soppinfeksjonar, tarmlidningar og problem som følge av P-pille bruk.

  Infertilitet hjå mannen:

Hjå menn har ofte infertilitet med nedsatt sædkvalitet å gjera. Lågt sædvolum,  lite rørsle av spermien eller hovud/ halefeil på spermein. Betennelse i prostata kan også vera ei årsak.

  Graviditet:

Alle behandlingsmetodane eg bruker kan trygt brukast av gravide. Det er ingen kjente biverknader ved rett bruk.

Å vera gravid, kjenna korleis barnet veks er for dei aller fleste ei fasinerande og spanande oppleving. Store, kompliserte prosessar tek plass og det kan for nokre også føre til at dei får plager og sjukdomar ein treng behandling for. 

Forbereding til fødsel:

Eg har født 4 barn sjølv, alle planlagte heimefødslar. Å ta eit valg om å føde heima innebar at eg måtte setja meg grundig inn i kva ein fødsel er og kva prosessar ein gjennomgår. Sjølv fekk eg grundig veiledning av mine jordmødre på kor fantastiske kroppen sine funksjonar er under ein fødsel og korleis ein kan understøtte desse funksjonane.Eg leste meg også grundig opp på kva homeopatiske midler som kan nyttast under fødsel, og hadde stor hjelp av homeopatien.

For å vera trygg nok til å føde heima trengte eg også å vita om kva som kan gå gale under ein fødsel, noko eg også leste meg opp på.

Med å føde heima måtte eg ta ansvar for valget mitt, eg visste heile tida at eg ikkje kunne gje ansvaret til sjukehuset. Eg erfarte at dette ansvaret henta fram urkvinna i meg. Urkvinna gjorde at eg handla instinktivt gjennom fødslane, og det gav meg ei kjensle av at eg heile vegen visste kva som måtte til for å få ungen ut.

Eg har tru på at ein ved å forbereda seg godt til ein fødsel kan koma meir i kontakt med urkvinna i seg også når ein vel å føde på eit sjukehus.

For meg var det vesentlig å forbereda meg til fødslane med å auka min kroppsbevissthet gjennom kroppssansning og tilstedeværelse i kroppen. Eg øvde inn teknikkar som eg fokuserte på mellom riene.

I tillegg til ei mental førebuing,  kan ein og ha fokus på å løysa opp spenningar i bekkenområde, kjeve og korsryggen. 

Noko av dei vanlegaste problema ved ein fødsel er at riene kjem veldig tett utan at det er kraft og verknad i dei. Den fødande vert utmatta utan at livmorhalsen opner seg. Det kan også vera at vatnet går utan at riene set i gang.

Til info har eg har eg ikkje etter norsk lov, høve til å gje nokre effektpåstandar eller informasjon om korleis eg behandlar infertilitet og plager i svangerskapet. Eg har heller ikkje lov å vise til erfaringar,forsking og statistikk.

Nyeste kommentarer

18.10 | 16:40

Merkbar god lesning!!!! Takk som deler! =)

22.09 | 17:23

Godt å lese og kjenne at dette er jeg hjemme i, det har vært med meg igjenno...

22.09 | 00:35

Veldig bra skrevet, Jens! Jeg er glad for at jeg har vært og er elev av deg. Hå...

22.03 | 15:08

:)) Takk for at du finnes. Dyktige læremester jeg er stolt av å ha vært d...