Kontoret er åpent igjen fra 27.04.2020. Eg følger pålagte smittevernsreglar, reingjer kontkaktflater mellom kvar pasient og eg har satt av meir tid i mellom kvar pasient for å unngå venting på venterommet. Ikkje kom til kontoret om du har symptom på koronamitte. Alle andre er velkomne🙂
Jæren Naturmedisin blei etablert av Grete Gaard på Bryne i 1992. Sidan starten har eg bygd meg opp mykje erfaring i å bruke både homeopati, fotsoneterapi, øyreakupunktur, urtemedisin, og triggerpunktbehandling. Dei seinare åra har eg og teke kurs i tankefeltterapi og utdanning i familieterapi. Eg prøver å tilpassa behandling til kvar enkel.
Kva plager kjem pasientane for?
Rygg og nakkeplager, reumatiske plager, lunge og luftvegsplager, hudlidingar, kvinneplager, infertilitet, nyre- og blæreplager, psykiske plager, migrene og hovudpine, gjentekne infeksjonar, atferdsvanskar, mage og fordøyelsesplager, trøyttleik og energitap, nedsett immunforsvar, smerter.
Mange kjem også for samtale og veiledning for vanskelege situasjonar dei står i i livet. Sidan eg også er utdanna familieterapeut mottek eg par og familiar til familieterapi.
Visste du at:
*Det finnes 5 homeopatiske sjukehus i Storbritannia.
*Det finns 181 offentlege homeopatiske sjukehus i India, og 4000 homeopatiske helsestasjonar. I tillegg er det fleire private homeopatiske sjukehus.
*Tusenvis av legar i Europa gjev sine pasientar homeopatisk behandling. I Frankrike reknar ein at 1/3 av legane gjev homeopati til sine pasientar.
Anbefaler at dykk les innlegget frå lege, homeopat og akupunktør Jens Lunden som dykk finn lenger nede på menyen. Det han skriv gjev ei god innsikt i forståinga som ligg bak alternativ medisin.