Infertilitet er i dagens samfunn eit
aukande problem. Det er mange faktorar som kan virke inn på dette. Kosthold,
stress, krav, karriere, overvekt, hormonbruk er nokre av faktorane.
Frøyaklinikken i Oslo er ein klinikk som
har spesialisert seg på infertilitet og eg har vore på
2 kurs med Anette Heggemsnes som starta Frøyaklinikken.
Infertilitet hjå kvinna:
Forstyrringar med eggløysning ( som f.
Eks. PCO/ PCOS og anovulatorisk syndrom),endometriose og habituell abort er dei
vanlegaste årsakane til barnløyse. Andre årsakar kan vera gjentekne
soppinfeksjonar, tarmlidningar og problem som følge av P-pille bruk.
Infertilitet hjå mannen:
Hjå menn har ofte infertilitet med nedsatt
sædkvalitet å gjera. Lågt sædvolum,
lite rørsle av spermien eller hovud/ halefeil på spermein. Betennelse i
prostata kan også vera ei årsak.
Graviditet:
Alle behandlingsmetodane eg bruker kan
trygt brukast av gravide. Det er ingen kjente biverknader ved rett bruk.
Å vera gravid, kjenna korleis barnet veks
er for dei aller fleste ei fasinerande og spanande oppleving. Store,
kompliserte prosessar tek plass og det kan for nokre også føre til at dei får
plager og sjukdomar ein treng behandling for.
Forbereding til fødsel:
Eg har født 4 barn sjølv, alle planlagte
heimefødslar. Å ta eit valg om å føde heima innebar at eg måtte setja meg
grundig inn i kva ein fødsel er og kva prosessar ein gjennomgår. Sjølv fekk eg
grundig veiledning av mine jordmødre på kor fantastiske kroppen sine funksjonar er
under ein fødsel og korleis ein kan understøtte desse funksjonane.
For å vera trygg nok til å føde heima
trengte eg også å vita om kva som kan gå gale under ein fødsel, noko eg også
leste meg opp på.
Med å føde heima måtte eg ta ansvar for
valget mitt, eg visste heile tida at eg ikkje kunne gje ansvaret til
sjukehuset. Eg erfarte at dette ansvaret henta fram urkvinna i meg. Urkvinna
gjorde at eg handla instinktivt gjennom fødslane, og det gav meg ei kjensle av
at eg heile vegen visste kva som måtte til for å få ungen ut.
Eg har tru på at ein ved å forbereda seg
godt til ein fødsel kan koma meir i kontakt med urkvinna i seg også når ein vel
å føde på eit sjukehus.
For meg var det vesentlig å forbereda meg
til fødslane med å auka min kroppsbevissthet gjennom kroppssansning og
tilstedeværelse i kroppen. Eg øvde inn teknikkar som eg fokuserte på mellom
riene.
I tillegg til ei mental forberedning kan ein og ha fokus på å løysa opp spenningar i bekkenområde og korsryggen.
Noko av dei vanlegaste problema ved ein fødsel er at riene kjem
veldig tett utan at det er kraft og verknad i dei. Den fødande vert utmatta
utan at livmorhalsen opner seg.
Det kan også vera at vatnet går utan at
riene set i gang.
Til info har eg har eg ikkje etter norsk lov, høve til å gje nokre effektpåstandar eller informasjon om korleis eg behandlar infertilitet og plager i svangerskapet. Eg har heller ikkje lov å vise til erfaringar,forsking og statistikk.